


Om Miljøtun As
Miljøtun-konseptet er ein draum som no skal realiserast på Plassen, eller Gåsneset som folk kallar eigedomen til dagleg. Garden Plassen ligg i Ulstein kommune, Fløvegen 385, ut fra sentrum og nærare Flø.
Draumen har vore i prosess i over 20 år – så no er det på tide! Prosessen har vore inspirerande og har dei siste åra omfatta fleire nye og gode idear – kort sagt har draumen utvikla seg frå å handle om eit varmare bofellesskap med dyrking og smådyrhushald, til no å etterstrebe tidsrette satsingar på berekraft, miljø og lavt forbruk.
Eg har stor tru på at konseptet kan bli ein viktig brikke i samfunnsutviklinga, og at mange vil ha glede av å kunne ta del i ein livsstil med auka fokus på miljø og berekraft.
Perny Austnes
Grunnleggjar Miljøtun As
FRÅ PLASSEN
Photo©Per Eide



